Havnereglement for øystese båtlag

1.

Tildeling

Båtplasseigaren skal vera medlem i laget.

2.

Overdraging

Overdraging innan den næraste familien kan gjerast om kostnads fritt etter søknad til styret.

3. 

Sal

Dersom ein båteigar vil selja plassen sin, skal båtlaget ved styret ha forkjøpsrett. Styret sel plassen vidare etter eventuell venteliste til fastsett pris. Søkjar om båtplass må ha fast bustadadresse i Kvam. Styret kjem med framlegg til årsmøtet om pris på båtplass for eitt kalenderår om gongen.

4.

Bortleige

Båtplasseigar kan leiga bort plassen sin. Leigetakaren skal godkjennast av styret og må vera/verta medlem i laget. Maks leigepris skal ikkje overstiga eigars hamneavgift + medlemskontingent. Dersom ein båtplass har lege unytta i 2-to år, kan styret disponere plassen. Dersom eigar sjølv får bruk for plassen, kan leigeforholdet seiast opp med 1-ein månads varsel.

5.

Drift

Styret ved hamnesjefen står for den daglege drifta av båthamna. Styret arbeider ut instruks for arbeidet til hamnesjefen. Rekneskapen for drifta skal slåast saman med lags rekneskapen.

6.

Vedlikehald

Styret ved hamnesjefen skal syta for at hamneanlegget vert godt vedlikehalde, og set opp dugnadslag og fordeler arbeidet mellom medlemene ved å føra timelister. Dersom ein medlem ikkje møter til innkalla dugnad, skal dugnaden godtgjerast med den timesatsen som til ei kvar tid gjeld.

7.

Viktige saker

I viktige saker der styret ønskjer båteigarane si avgjerd, skal styret senda ut spørjeskjema eller kalla skriftleg saman til møte.

8.

Reglar for bruk av båtplass

a.

Båtar som skal liggja i hamna, må maksimalt stikka 1,5m utanfor utliggjaren. Det skal vera plass til ein 15cm fender på kvar side av båten. Båten må ikkje stikka så langt inn over bryggja at det hindrar fri ferdsel, eller så nære bryggjekanten at den kan skade bryggja. 

b.

Båtplasseigar er ansvarleg for at båten som ligg i hamna, er ansvarstrygda. Eigar, evt leigar, er ansvarleg for skader som vert påført anlegget grunna mangelfull/feil fortøying.

c.

Til festing av båten til bryggja skal nyttast fortøyningsdempar, høvande til vekta på båten. Eventuell ekstra fendring festa til utliggjar, må ikkje nå ned i sjøen. Gummidekk må ikkje nyttast.

d.

Opplagsplass vert tilvist av hamnesjefen. Båteigar er ansvarleg for at båten er tilstrekkeleg sikra mot velting, og at vogn/hengar er tydeleg merkt med namn og tlfnr. Opplagsplassen skal til ei kvar tid haldast ryddig. Dersom ikkje anna er avtala med hamnesjefen, skal båtar i vinteropplag vera sjøsette/fjerna innan 1. juni. I tida 1. okt til 1. juni er opplagsplassen reservert for båtar i opplag. Unytta og/eller umerka vogner/hengarar kan verte fjerna.

e.

Hamnesjefen kan, i samråd med båtplasseigarane, disponera plassar som er ledige i vinterhalvåret..

f.

Kvar enkelt brukar har ansvar for snømåking/ tilsyn av sin plass

g.

Det skal visast aktsemd ved all ferdsel i hamnebassenget, slik at det ikkje fører til ulempe for båtarog bryggjer. Dersom ein båtplasseigar/leigar ikkje følgjer reglane eller påbod frå styret, skal det gjevast skriftleg åtvaring. I neste omgang kan §5 i vedtektene gjerast gjeldande.

Fortøying av båt i båthamna

For standard fortøying av alle båtar i heile hamna gjeld følgjande:

- Båten skal fortøyast med 2 fortøyingar i baug og 2 fortøyingar akter.
- Bruk kvalitetstau med tilstrekkeleg dimensjon.
- Fortøyning skal festast med anbefalt knute/spleis til fortøyingsauge på utriggarane.
- Bruk strekkavlastarar av gummi i god kvalitet.
- Fortøyingane skal strammast tilstrekkeleg for å unngå at båten jagar i båsen.
- Bruk av sjakkel er forbode, då det vil oppstå korrosjon og slitasje på fortøyingsauge.
- For plassar som båteigarar vurderer som utsette, må ein bruke ekstra fortøyingar.

Styret har ansvar for orden og sikkerheit i hamna. Styret kan kome med pålegg til båteigarar om å utbetre fortøyningar i samsvar med dette regelverket, noko båteigarar pliktar å etterkome med øyeblikkeleg verknad. Dersom ikkje båteigarar følgjer pålegg frå styret når det gjeld fortøying eller andre sikringstiltak, kan dette i verste fall medføre krav om flytting av båt og tap av båtplass/medlemskap.

Storleik på båt.
6 meter utliggarar, maks 24.60 fot/ 750 cm
8 meter utliggarar, maks 31.16 fot/ 950 cm
10 meter utliggarar, maks 37.72 fot/ 1150 cm