ØB planlegg å utvide anlegget

Byggjenemda sitt forslag, til utvidinga av anlegget:

Det vert etablert to stk nye båtplassbrygger, B3 og B4.
Dette vert brygger i betong av beste kvalitet. 
Brygge B3-B4 vertogså bølge dempar for heile anlegget.
Den gamle «tanken» B5 vil verte benytta som ein fyrste
bølgedempar, heilt ytterst i anlegget. 
Den vil også effektivt verne vår nye 80m lange gjestekai på utsida av B4.
Anlegget vil romme ca 180m med nye båtplassar. 
Båtplassane vert tilpassa behovet til kvar einskilt kjøpar, både med plassbreidde og lengd på utriggar. Me vil ut frå dette kunne tilby om lag 40-50 nye båtplassar i det nye anlegget på Vikevjo.
Samtlige båtplassar vil få tilgang på eige straumuttak med målar.
Vatn vert tilgjengeleg på samtlige brygger.
Båtplassbryggene vert sikra med låsbare portar.
Prisar vert ut frå breid på båtplass, samt val av utriggar.
Endelege prisar vert utarbeida etter at leverandør er valgt.

Me gleder oss til å koma i gang med bygginga av det nye anlegget.!

Med helsing frå Byggekomiteen for Øystese Båtlag:
Arne Johan Laupsa, Johannes Bjørke, Reidar Olsen,
Kjetil Kvittingen, og Nils-Ove Kvittingen.

Trykk her for og sjå heile skissa

Du kan kontakte oss for å verte sett opp på interesse liste, forbåtplass i det nye annlegget ved å sende epost til: post@oystesebaatlag.no
Du kan og bruke kontakt skjemaet ved å trykke på lenkja under.
Det er ikkje krav om medlemskap og det er uforpliktande og stå pålista.
Når byggestart er vedteke av vårt Årsmøte vil alle på interesse listafå eit skrifteleg tilbod med pris ,om å kjøpe båtplass.

Meld deg på interesse lista