Vedtekter

Sist endra årsmøte 2018

§ 1.

Øystese Båtlag har til føremål å samla båtinteresserte for å ta vare på sams interesser, særleg med tanke på utbygging og drift av småbåthamna.

§ 2.

Styret skal ha 5 medlemer. Det skal vera samansett slik: Formann, sekretær, kasserar, hamnesjef og nest hamnesjef. Det skal vera 3 varamenn til styret. Minst ein varamann skal kallast inn til styremøta. Styremøte vert halde når formann finn det nødvendig eller når 3 styremedlemer krev det. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer møter. Avgjerd vert teken me simpelt fleirtal. Laget skal ha ein el.ansvarleg som vert peika ut av styret. Laget skal ha to revisorar som vert godkjende av årsmøtet.

§ 3. 

Årsmøtet vert halde innan utgangen av mars og skal mellom anna ha føre val etter § 2 og godkjenning av årsmelding og rekneskap. Arbeidsåret til båtlaget følgjer kalenderåret. Innkalling med sakliste må gjerast kjend for medlemene seinast 14 dagar før årsmøtet. Saker ein vil ha fremja på årsmøte må vera styret i hende innan 15.februar. Vedtektsendringar og andre viktige arbeidsoppgåver for laget kan berre vedtakast av eit vanleg eller eit nytt innkalla årsmøte. Slike vedtak krev 2/3 fleirtal. Alle val gjeld for 2 år med unntak av formann som skal veljast for 1 år. Ein må velja slik at 2 frå det gamle styret alltid sit att. Valnemnd vert peika ut av årsmøtet. Valnemnda skal ha tre medlemer som vert valde for to år slik at ein eller to medlemer vert skifte ut kvart år.

§ 4.

Alle båtinteresserte kan verta medlemer mot å betala den medlemskontingenten som vert fastsett av årsmøtet. Kontingenten skal betalast på forskot for heile året. Dersom kontingenten ikkje vert betalt etter purring, er ein ikkje å rekna som medlem lenger.

§ 5.

Einkvar som bryt vedtektene, ikkje følgjer vedtak som styret eller årsmøtet har gjort, eller på annan måte ikkje er kollegial eller heiderleg, kan ekskluderast på lagsmøte eller årsmøte. Slikt vedtak krev 2/3 fleirtal. Styret har suspensjonsrett til lagsmøte eller årsmøte vert halde. Styret pliktar å varsla vedkomande på førehand slik at han kan vera til stades og ta vare på interessene sine.

§ 6.

Dersom laget skal løysast opp, må vedtak om dette gjerast med 2/3 fleirtal av to vanlege årsmøte etter einannan. Vert slikt vedtak gjort, skal alle aktiva, etter at alt er gjort opp, gå til NSSR Redningsselskapet dersom laget ikkje er kome i arbeid att innan 3 år.